Tam güneş tutulması Türkiye’de …Total solformørking i Tyrkia 29. mars 2006 |
|

Den 21. juni 2001 opplevde eg for fyrste gongen ei total solformørking. For å få til det laut eg reisa langt, og i Lusaka i det tropiske Afrika kunne eg endeleg sjå opp på ein skymingsmørk himmel midt på dagen. Denne minnerike ferda skreiv eg om og la ut på nett her.
Inntrykka frå formørkinga i Afrika vart ikkje gløymde. Då det ein tidleg morgon nærare to år etter kom ei stor partiell formørking i Noreg, var det ingen tvil om at dette òg skulle opplevast. Rapport frå Tom Reidar Henriksen (Trondheim Astronomiske Forening) og meg på Innset finst i Corona nr. 3 i 2003.
Den fyrste totale solformørkinga sidan 1999 i vårt eige nærområde var venta den 29. mars 2006. Fullskuggen av månen skulle råka jorda i solrenninga ved nordaustkysten av Brasil, passera over Atlanthavet, Vest- og Nord-Afrika, Middelhavet, Tyrkia og Svartehavet, og på kvelden forlata jorda att ved soleglad i Sentral-Asia. Det lét seg snøgt fastslå at det mest eigna området for å observera denne formørkinga, ut frå ein logistisk ståstad, måtte vera sørkysten av Tyrkia, der turistindustrien er godt utvikla. Og vêrstatistikken var heller ikkje den verste der: Det var meir enn 75 % sannsynleg at himmelen skulle vera klår på formørkingsdagen.
For nærare to år sidan tok «riksastronom» Knut Jørgen Røed Ødegaard initiativ til å skipa til ein fellestur til Tyrkia i mars 2006. Ved å annonsera i «Astronomi» og i andre kanalar vart interessa lodda, og våren 2005 vart tilbodet lagt fram: Seks heile dagar på ymse typiske turistmål i Sørvest-Tyrkia, med solformørkinga som høgdepunktet. Kvalitetsreisebyrået Kuoni i Oslo skulle stå for opplegget, som var «full pakke» med profesjonelle førarar, fullpensjon på luksushotell og K.J.R.Ø. som reiseleiar. Men prisen var stiv og kom opp på femsifra nivå. Etter ein del av- og påmeldingar landa det endelege deltakartalet i overkanten av 180.
Då eg kom til Gardermoen på ettermiddagen den 25. mars oppdaga eg eit kjent andlet i køa attmed meg. Brynjar Berg i Trondheim Astronomiske Forening var på plass, og han hadde drege med seg kona Anne og dottera Marianne. Med dei tri fekk eg mange trivelege stundar dei neste dagane. «Som vanleg» var heller ikkje denne sjarterturen ideell for eit a-menneske som trivst best under dyna om natta (no avslørde eg meg som ein dårleg observasjonsastronom), men me kom då fram til İzmir utpå natta og kunne siga ned i hotellsengene.
Dei fyrste dagane var me definitivt pakketuristar som vandra i flokk (når me ikkje sat i bussane), og inntrykka stod i kø. Den fyrste turistfella var Meryemana ikkje langt frå byen Selçuk. Segna seier at Maria møy budde der dei siste leveåra sine. Eit av dei største høgdepunkta var den greske oldtidsbyen Efesos, som no er utgraven og varsamt restaurert. Me gjekk nedetter den breie, søylekransa hovudgata og enda opp i det store amfiteateret. På måndagen fór me litt inn i landet, og kom oss opp på det bomullskvite fjellet Pamukkale. Det er gjenom åra bygt opp av utfelt kalkstein. Rett attmed ligg ruinbyen Heliopolis og badeanlegget «Kleopatra-kjelda», der me kunne taka oss ein dukkert i varmt, kalkmetta vatn.
Den tridje dagen køyrde me til Denizli, der me fekk ein kik innanføre portane på Doğuş Halı teppemanufaktur. Der sat teppeknytarar og arbeidde med garn av ull, bomull og silke. Sume av handverkarane var dei reinaste kunstnarane og gjorde teppe som neppe kjem til å verta trødde på nokon gong. Andre dreiv meir med masseproduksjon. Det vart òg demonstrert naturfarging av ull og produksjon av silke. Til slutt det obligatoriske … ein skal ikkje ha vore lenge i Tyrkia før nokon freistar selja deg eitkvart. Me vart serverte tyrkisk eplete, og so vart det eine teppet etter det andre rulla ut på golvet. Eit kvarter seinare kom eg ut att med eit teppe knytt med silketråd på bomullsrenning. Motivet var ein blågrøn medaljong omkransa av klassiske tyrkiske mønster. Det var mindre enn ein halv kvadratmeter stort, men det var endå lagt fire månaders handarbeid ned i teppet. På slike silketeppe er knutestorleiken liten, og då vert «pikseloppløysinga» høg. Eg angrar ikkje på kjøpet.

Etter desse to dagane i innlandet kunne dei fire bussane våre endeleg køyra oss ned til kysten att, og på tysdagsettermiddagen var me framme ved hovudmålet: Luksushotellet Saray, som ligg i hotellgettoen Titreyengöl utanføre byen Manavgat. Han ligg i sin tur midt millom byane Antalya og Alanya, som burde vera velkjende feriemål for reisevane lesarar.
Om kvelden vart alle saman mønstra i konferanseromet på hotellet, og Knut Jørgen gav oss ei innføring i kva me burde fylgja med på og vera merksame på før, under og etter formørkinga. No kunne folk for alvor byrja å skru på forventingane og psyka seg opp.
Då den store dagen rann, var det full rulle for utstyrsfrikarane. Oppe på hotelltaket gjekk dei i gang med å rigga opp teleskop, filter, datamaskiner og kommunikasjonsutstyr. Me andre kunne i nokre fåe timar vera ekte sudlandsturistar og prøva ut solsengene og det klåre, men kalde, vatnet i hotellbassenget.
Vêret var godt, og me hadde dei 75 prosentane i vêrstatistikken på vår side. Men himmelen var ikkje djupblå; det var litt dis der oppe. Då Knut Jørgen endeleg kom ut hadde han norsk TV2 og tyrkisk TRT i hælane. Med mikrofon i handa repeterte han ein del av stoffet frå kvelden før. Folk byrja å finna fram solfilterbrillene. Når ein skal sjå mot sola, er ein nøydd til å verja augo. Ein skal ikkje improvisera med diskettar, filmar, sotute glas ol., for dei slepper igjenom skadeleg mykje stråling i dei ikkje-synlege bølgjelengdområda.
Knut Jørgen vart berre meir og meir «propell», og klokka 12.38 ropa han ut. Fyrste kontakt er den augneblinken når månen byrjar å eta seg innetter solskiva, og med det er den partielle (delvise) fasen av formørkinga i gang. Med solfilter på kameraobjektivet kan denne fasen fotograferast, men det gjorde ikkje eg. Eg var ikkje utstyrd for astrofotografering på denne turen. Brynjar hadde uflaks – han vanta eit datakommunikasjonsadapter. Planane han hadde om å få til ei sanntids nettsending av formørkinga smuldra bort og vart til inkje. Men Tom Victor Kolkin frå Tønsberg fekk til ei vellukka sending som vart fylgd av tusentals interesserte både heime og i utlandet.
Tidleg i den partielle fasen hev solformørkinga ingen verknader som er synlege for det berre auga. (Solskiva vert litt etter litt dekt over av månen, men for å sjå det trengst solfilter). Men etter kvart tek ymse interessante – og fascinerande – fenomen til å dukka opp. Biletet syner korleis opningane i lauvverket på eit tre fungerer som prosjektørar. I staden for dei diffuse ljosflekkane ein ser til vanleg, kjem det no fram små «halvmånar» på bakken. Som ein kan sjå, er formørkinga mykje over 50 %.

Når formørkinga kjem opp i 90–95 % merkar ein for alvor at det er mindre ljos. Det kan samanliknast med å ha på seg solbriller (men det er endå ei etter måten dårleg jamføring). Skuggane vert knivskarpe, av di solljoset no kjem ut frå eit svært lite areal på himmelen. Dei siste sekunda av den partielle fasen kjem endå meir spesielle ljoseffektar til synes: Om ein maktar å riva blikket laus frå sola ei lita stund, ser ein eit flakkande «makrellmønster» på bakken. Men denne gongen var ikkje denne effekten so kraftig som han elles kan vera.
Klokka 13.55 dekte månen over heile solskiva; andre kontakt. Med det var den totale fasen av solformørkinga i gang, og det vart bråmørkt. Når månen hindrar soloverflata (fotosfæren) i å blenda oss, kjem koronaen (dei varme gassane kring sola) til synes. Koronaen skin om lag like sterkt som fullmånen.
Disen gjorde at det kom ein del «falskt ljos» inn frå sidene under formørkinga. Over horisonten fekk himmelen ein blåfiolett farge. Det vart skymingsmørkt, om lag som den blåe timen. Planetane Venus og Merkur var godt synlege på himmelen. Skulle det vera råd å sjå td. kamerainnstillingar, laut lommelykta hentast fram. Men om lufta hadde vore klårare, kunne det faktisk ha vorte endå mørkare kring oss. Me merka tydeleg at lufttemperaturen fall.
Klokka 13.58, ved augneblinken for tridje kontakt, fekk eg det kan henda aller fagraste synsinntrykket under formørkinga. Då kom den sokalla diamantringen til synes på himmelen: Brått kik solskiva fram att i eitt punkt, medan den inste delen av koronaen framleis er synleg. Men ljosstyrken aukar på snøgt, og etter berre nokre fåe sekund lyt solfilteret hentast fram att.
Den partielle fasen etter totaliteten varar om lag like lenge som den før totaliteten. Dei ulike fenomena kan observerast ein gong til – i motsett rekkjefylgd. Ma. kjem på ny «halvmånane» til synes under trea, men denne gongen er dei retta den motsette vegen. Der er òg ein annan og mykje større skilnad: Fram til totaliteten byggjer forventingane seg opp mot det som skal henda. (Knut Jørgen var ikkje nett nokon dempar på situasjonen, for å seia det slik.) Etter totaliteten kjem folk seg ned på jorda att, og dei missar etter kvart konsentrasjonen. Då den partielle formørkinga var omme og solskiva atter fin og rund, hadde dei fleste teke blikket ned frå himmelen for lenge sidan. Men eg fylgde i minsto med då slutten nærma seg, og eg noterte tidspunktet 15.13 for fjerde kontakt.

På kvelden kunne me sjå danseframsyning på hotellet. Fyrst var det tyrkisk folkedans som heldt ein brukande kvalitet, men den sokalla magedansen etterpå var meir tvilsam. Eg fekk inntrykk av at denne delen av programmet mest var mynta på den mannlege delen av tilskodarflokken, og at det spela mindre rolle om dansen var tyrkisk eller ei.
Den siste dagen var det opna for visse individuelle val. Eg fylgde med på ein båttur på Manavgat-elva, medan andre valde å taka det meir med ro. Aktiv som eg er; på ettermiddagen tok eg ein snartur til den gamle greske byen Side, som for so vidt hadde mange fine marmorruinar, men som òg synte seg å vera noko av det mest ekstreme eg nokon gong hev opplevt av typen «turistsjappegetto». Det positive var at eg fekk oppleva ein liten flik av røynleg turisme: Turen inn til Side gjekk med halvoffentleg minibuss, og heimatt til hotellet galdt det å finna fram til ein minibuss sjølv – og då helst ein som skulle til den rette staden.
På kvelden var det samling i hotellvestibylen medan me venta på å fara til flyplassen. Me kom etter kvart i prat om korleis me hadde opplevt dagane i Tyrkia. Det er gjerne i slike stunder at det negative òg kan koma til overflata. Sume meinte at turen hadde vore i dyraste laget, at opplegget hadde vore litt for mykje «pensjonistisk», at reiseførarane våre ikkje hadde vore kunnskapsrike nok, og at det ikkje hadde vore so gode vilkår for å driva med observasjonsaktivitetar om natta. Eg kunne på vilkår seia meg samd i ein del av denne kritikken, men eg må understreka at eg ikkje angrar eit sekund på at eg unnte meg å oppleva solformørkinga i Tyrkia. Solformørkingar er ein framifrå måte å sjå seg om i verda på, og eg vert garantert å finna med bøygd nakke i totalitetssona den 22. juli 2009 i Kina.
Eg fotograferte ein god del i Tyrkia. Sjå hyperlekkane:
↓ Kuşadası – Selçuk – Meryemana
↓ Heliopolis – Pamukkale – Termal Otel
↓ Landevegen til Manavgat og Titreyengöl
↓ Solformørkinga på Saray Regency Hotel
↓ Med «Kısmetim» på Manavgat-elva
Sida vart sist endra 20.05.2008.
Denne nettsida er utarbeidd av Herman Ranes <herman.ranes@hist.no>.