← Viltreservata Umfolozi og Hluhluwe
Me hadde private utleigerom i eit villastrok i utkanten av denne velståande småbyen. I sjølvfolket sine eigne, store bustadrom fekk me servert stor frukost. So godt vart me ikkje sytte for på nokon av dei andre stadene me var innom på reisa.
Solrenninga var flott, men endå ikkje heilt som me hadde vona. Hadde det vore skyfritt, kunne me ha sett ei blodraud sol koma opp over Indiahavet.

På føremiddagen gjekk turen nokre titals kilometer innetter i landet til Oribi-skaret. Det er om lag 24 km langt. Opptil 360 m høge stup skjer seg loddrett ned gjennom sandsteinen. Kan hende var me blaserte etter å ha vore i Drakensberge, men her fekk me likevel nye inntrykk.

På dei kraftige oppvindane svevde store rovfuglar. Avstanden var for stor til å seia noko om kva art det dreidde seg om, men det såg ut som ørnar.

Her sit Charles, reiseleiaren vår, på kanten av stupet. Langt der nede renn Umzimkulwana-elva.

Rett ved Oribi-skaret låg eit sukkerrøyr-felt. Plantene er mannshøge og vel so det. I eit slikt dyrkingsfelt er utsynet berre nokre meter. Dersom ein gjeng seg vill der, kan ein vera ille ute.
Medan eg var omgjeven av alle desse stråa, kom eg i hug «boar-metoden» frå militærtenesta. Ein utstrekt arm er om lag ti gonger lengre enn avstanden mellom augo, og då kan ein utnytta parallakseskilnaden til å gjera avstandsoverslag i terrenget.

Boar-metoden vart visstnok funnen opp under krigen mellom britar og boarar i tida rundt det førre hundreårsskiftet.

Tidleg på ettermiddagen gjekk turen ned att til Port Shepstone. På programmet stod kvalsafari. I Indiahavet er temperaturen høg, og faunaen der er rik. Rikt er òg tilbodet av småbåtar som tilbyd «kvalfangst» for turistar.

Med handkraft vert båtane skuva frå land og utpå langgrunna, der bølgjene alltid er høge. Ute på litt djupare vatn kan motorane setjast i gang.

Båtføraren vår kryssa lenge rundt på utkik etter kvalar, men me hadde uflaks – ingen kvalar var innanføre synsvidd.

Derimot var delfinane talrike og nærgåande. Me hadde eskorte i lange tidsrom.

Til Port Shepstone kom ein kontingent norske innvandrarar på 1880- og 1890-talet. På den tida fekk òg forstaden Oslo Beach namnet sitt. På biletet er den lokale kjøthandelen.

Kjøtprisane i Sør-Afrika er svært låge jamført med norske tilhøve, men sannsynlegvis meir enn høge nok endå for dei to som freistar få tida til å gå under skiltet.

På 1960-talet slo på ny nordmenn seg ned her, mellom dei ein del pensjonerte kvalfangarar.

Frå Oslo Beach gjeng museumstoget «Banana Express» på 600 mm smalspor innetter i landet. Me hadde billettar til avgangen klokka 11.00 den 3. juli.

Jarnvegen vart i si tid bygd for å frakta bananar og sukkerrøyr frå dei store plantasjane innanføre Port Shepstone. Endestasjonen ligg i Harding, men denne dagen gjekk toget berre til Izotsha. Damplokomotiva frå 1912 som turistbrosjyren reklamerte med, stod inne til overhaling. I staden vart toget trekt av eit diesellok bygt i 1973.

Lokføraren la ut om dei tekniske detaljane på fleire språk. Eg fekk ma. med meg at drivstofforbruket ligg på 2,5 ℓ/km om lag.

Sør-Afrika innførde det metriske målesystemet (og desimal mynt) i 1961. Endå vart dette skiltet av ein eller annan grunn ståande. Faktisk var det det einaste ikkje-metriske eg såg dei vekene eg var i Sør-Afrika. Izotsha ligg nøyaktig 100 m over havet, og det er 12 km togreise inn til Port Shepstone.

Etter togturen hadde me tid til å gå innom det lokalhistoriske museet. Der stod denne sjømannskista og flagga opphavet sitt …

Etter apartheid-tida held mykje av dei sosiale ulikskapane fram, men no i form av eit «vanleg» klassesamfunn. Berre eit par kilometers veg innanføre den velståande, «kvite» kyststripa ligg fattige, underutvikla område.
Der hev svenske misjonærar bygt opp ein barneheim. Dei fleste borna som bur der er foreldrelause. Mange er offer for mishandling og valdtekt, og ikkje so fåe er smitta av HIV. Pågangen er stor og utan ende. Men dei me møtte såg ut til å vera ved godt mod.
Då dei hadde eit songinnslag for oss, var humøret på topp.

I nord og i aust er Sør-Afrika turt om vinteren, og fram til den 4. juli hadde me knapt sett ein regndrope. Men før me skulle setja oss på flyet frå Durban til Kappstaden, fekk me meldingar som fortalde at vêret var noko heilt anna i sudvest.