![]() |
| ZAMBIA |
| SOUTH AFRICA |
![]() |
| SUID-AFRIKA |

Den 11. august 1999 fann ei total solformørking stad i delar av Europa og Asia. At dette skulle henda so stutt veg frå Noreg hadde eg visst om heilt sidan niårsalderen. Endå greidde eg å vera seint ute då dagen nærma seg, og enden på visa vart at formørkinga måtte observerast frå Trondheim. Det var overskya, men ein kunne frå tid til anna so vidt skimta den partielt formørkte sola gjennom skydekket.
Ein gong på seinsumaren 2000 kom eg fram til at den neste solformørkinga var ein langtur verd: Den 21. juni 2001 skulle skuggen av månen passera over det sudlege Afrika, og då ynskte eg å vera til stades! Utetter hausten byrja eg å undersøkja om einkvan skulle skipa til fellesreise til Afrika. Det vart etter kvart tydeleg at eg ikkje var so tidleg ute denne gongen heller – det var mange menneske som ynskte å sjå formørkinga, i ein del av verda som ikkje tek imot serleg mange turistar til vanleg.
Etter ei stund fekk eg endå «napp». Eit netsøk og ein førespurnad på NAS-lista (e-postlista åt Norsk Astronomisk Selskap) sette meg på sporet av ein astronomiklubb i Sverige, Astronomiska Sällskapet Tycho Brahe, som skulle reisa til Afrika for å observera formørkinga. Og dei hadde ein restplass – litt flaks må ein ha – som eg fekk. Når ein skal reisa so langt for å sjå månen skugga for sola i tri minutt, seier det seg sjølv at ein må gjera noko meir ut av reisa. Tycho Brahe-sällskapet, som dei kallar seg til vanleg, hadde gjenge inn i eit samarbeid med reisebyrået LÄS och RES, som spesialiserer seg på «seriøse» reiser, om å leggja opp ein høveleg rundtur. Det skulle vera ei tilpassa utgåve av ein studietur LÄS och RES tilbyd til Sør-Afrika.
Tycho Brahe-sällskapet høyrer heime i Skåne, lengst sud i Sverige. Korleis hev då klubben funne på å kalla seg opp etter den danske 1500-talsastronomen? Tyge [Tycho] Brahe vart fødd i Skåne, og på den tida var dette landskapet ein del av Danmark. Skåne kom ikkje under svensk styre før i 1658.
Det vart lagt opp ein reiseplan som skulle få plass innanføre ein vanleg sumarferie på tri veker, der ein helst ikkje ville reisa før midten av juni. Soleis vart den fyrste posten høgdepunktet òg, nemleg solformørkinga. Ho vart observert frå Lusaka, hovudstaden i Zambia. Dei neste dryge to vekene vart tilbringa på ymse stader i Republikken Sør-Afrika. Me var på byvandringar, fjellturar, «safari» i viltreservat, båt- og togferder, og meir til. Ein av dei siste dagane vart det på stutt varsel ordna ei vitjing på eit astronomisk observatorium, og slikt set amatørastronomar sjølvsagt pris på.
Eg hev freista å skriva ei kronologisk reiseforteljing, men tettleiken i dekninga varierer nok ein del … På sidene som kjem finst det ein del bilete og tekst, der mestedelen av teksten stend som forklåring til bileta.
↓ Den STORE dagen – solformørkinga